"Nessim" er det gamle namet på garden som eg driv - Nesheim gard i Nedre Vats. Garden har lang historie og det dokumenterte slektstreet strekker seg 17 generasjonar tilbake i tid.
Den siste smia på garden vart riven i 1971. Den vart brukt av min oldefar og farfar til bl.a. reparasjon og produksjon av kjerrehjul på ein ambolt som eg i dag lagar nokre av knivane mine, og andre ting på.
Nesheim gard kan du følge på Facebook.
Eg lagar knivane mine av høgkarbon-stål eller rustfritt stål med ein balanse mellom hardheit, slitasjemotstand og seigheit som er godt eigna for den tynne eggen på ein kjøkkenkniv. Målet mitt er å lage ein kniv som ser bra ut, kjennes bra ut i handa og som kuttar eksepsjonelt bra.
Dei fleste knivane eg lagar blir først teikna på PC og deretter skore ut med laser- eller vannskjærar før eg byrjar prosessen med herding, anløping og sliping.